Team Flatland

Heim  
laurdag 28. januar 2012
Gratulera med sigeren Ann kristin! - Fantastisk!!!!
laurdag 08. januar 2011

flatland_oberhof_2011.jpgTeam Flatland og heile Vik gratulerer Ann Kristin med eit fantastisk løp på sprinten i Oberhof, og med berre ein bom og glimrande fart i sporet var det ingen som kunne trua Ann Kristin. Fyrste siger i Verdenscupen! Ingen har fortent dette meir enn Ann Kristin. Søndag ventar fellesstarten i Oberhof, og når det fyrst losnar så .....  Me gledar oss!

 

 

Les meir…
 
Ann Kristin er i siget - 4 plass i dag.
fredag 10. desember 2010

Under sprinten i Hochfilzen i dag gjekk Ann Kristin inn til ein strålande 4. plass, berre 2 sekund bak 3.plassen. Med feilfri skyting hadde Ann Kristin kjempa om sigeren. Sisterunden i sporet lukta det svidd av, berre 3 sekund bak Neuner si avslutning. No ser me fram til jaktstarten på søndag. Har verkeleg ein god følelse, dette kan bli gøy ........

Les meir…
 
Ann Kristin avslutta med sølv i VM i Mix-stafett
sundag 28. mars 2010
Ann Kristin avslutta ein kjempebra sesong med sølv i VM i MIX-stafett i Khanty Mansiysk på søndag. På det norske laget gjekk Ann Kristin, Tora Berger, Emil Hegle Svendsen og Ole Einar Bjørndalen. Ann Kristin gjekk ein god 1. etappe og veksla som nr 3 etter å ha brukt eitt ekstraskot. Totalt i Verdenscupen kom Ann Kristin denne sesongen på 21 plass med 430 poeng. Ein utruleg flott prestasjon når ein veit at desse poenga stort sett er sanka etter nyttår. 
 
Fantastisk etappe av Ann Kristin, beste etappetid i OL-stafetten
tysdag 23. februar 2010

1266959859_flatland_ol_stafett.jpgAnn Kristin gjekk ein fastastisk 2. etappe på OL-stafetten i kveld. Stor fart i sporet, glimrande skyting med to fulle skyteseriar utan ekstraskot. Dette gav beste etappetid, 3 sek betre Sandrine Bailly som hadde nest beste etappetid men som hadde litt kortare etappe

Ho gjekk Norge opp frå 13. til 6. plass og gjekk inn 26 sekund på Frankrike som då leia stafetten. Norge blei til slutt nr 4, berre 20 sekund frå bronse.

Endå ei bekrefting på at Ann Kristin er blant dei beste, og me gledar oss alt til neste løp!

 

Les meir…
 
Ann Kristin - 5. beste skiskyttar i OL !
måndag 22. februar 2010

Av dei utøvarane som har gått alle fire induviduelle løp i OL er Ann Kristin 5. beste utøvar når ein tek omsyn til plasseringar i alle øvelssar. På topp ligg ikkje overraskande Neuner, så fylgjer Dombratcheva, Brunet, Zaitzeva og så Ann Kristin på 5. plass. FANTASTISK ! Tora Berger er på 12. plass.

Dette viser klart at Ann Kristin no er blant dei beste og mest stabile skiskyttarane i verden. 

Les meir…
 
4 gode løp i Whistler
måndag 22. februar 2010

ann_kristin_2.jpgEmil var intervjua ein gong før OL om kva som skulle til å for å ta medalje. Han sa at for å lukkast så handla det om 70% frå han sjølv. Dei resterande 30% handla om kva andre gjorde og at han hadde den nødvendige flaksen. Ann Kristin har levert dei 70 % i fleire løp no, men har mangla den nødvendige flaksen for å kunne ta ei individuell medalje.

 

Les meir…
 
Ann Kristin gjekk godt i sporet, men hadde litt for mange "kant ut" skot
sundag 21. februar 2010

Med 4 bom gjekk likevel Ann Kristin inn til ein flott 11. plass, 56,4 sek bak vinnaren Magdalena Neuner. Etter 1. skyting låg Ann Kristin på 4. plass, berre 2 sek bak.

Farten i sporet var i dag svært så bra og med god skyting kunne ho i dag ha kjempa heilt i toppen. Ann Kristin vart og beste norske. 

 

Les meir…
 
Ann Kristin med 8. plass på jaktstarten
tysdag 16. februar 2010

Ann Kristin gjorde på nytt eit fenomenalt løp, skaut ned 19 av 20 blinkar og gjekk seg opp frå 10. til 8. plass. I Blixxhalli var det fullt hus og jublelen stod i taket heile kvelden. Med 19 blinkskot av 20 var det mykje å jubla for.

 

Les meir…
 
.. og no kjem påskeværet til Whistler
onsdag 17. februar 2010

team_flatland_1.jpgEtter nokre dagar med det me kan kalle ruskevær vakna me idag opp til klar himmel og solskin over Whistler Olympic Park. Dagens øvelse for Team Flatland blir sprintøvinagne i langrenn, dei skal vi sjå på NRK TV i sjømannskyrkja i Whistler Willage. Kan også vera greitt med litt åndeleg påfyll inn i dei neste skiskyttarøvelsane, det er normadistansen som er neste post allerede på torsdag. Ann Kristin er også gjennom dei gode resultata kvalifisert for fellesstarten på søndag og sjølvsagt skal ho gå stafetten på tysdag 

systrene_flatland.jpgVi møtte Ann Kristin på søndag og me trur det var spesiellt kjekt å møte att syster Ingvild som ho ikkje hadde møtt på over eitt år. Viss Ann kristin har tid møter vi ho kanskje også i ettermiddag, men ho har eit tett progarm med trening, kvile, pressekonferansar osv. På mandag hadde kronprinsen vore på besøk hjå skisyttarane noko som hadde vore ei kjekk oppleving i ein uformell tone

 
Stor stemning i Vancouver
onsdag 17. februar 2010

vidar_hauglum.jpgTeam Flatland er sjølvsagt på plass i Vancouver under OL. Så langt har Ann Kristin levert to fantastisk sterke løp på sprint og jaktstart her i Whistler. Vi føl med på internett og ser at det er stor stemning heime i Vik. Team Flatland har teke opp eit nytt medlem, nemleg Vidar Hauglum. Vi saknar sjølvsagt general Rune, men Vidar er ein god erstattar. 

 
Sjå jaktstarten i OL med Ann Kristin i Blixhalli
sundag 14. februar 2010

blixhalli_13feb_bilde2.jpgDet vert ny OL-sending på storskjerm i Blixhalli tysdag kveld kl 19.00 

Møt opp i god tid !

 
Ann Kristin millimeter frå OL-medalje
sundag 14. februar 2010
Multithumb found errors on this page:

There was a problem loading image /home/teamflatland.no/public_html/images/stories/easygallery/20/1263656717_ann%20kristin.jpg

1263656717_ann kristin.jpgAnn Kristin gjekk styggfort i sporet men ein hårfin bom på det tredje ståande skotet gjorde at det ikkje vart Ol-medalje. Ein 10. plass, med 34 sek bak vinnaren, for ein OL-debutant er svært så bra og eit godt utgangspunkt før jaktstarten på tysdag.

I intervju med NRK etter løpet var Ann Kristin fornøydd med innsatsen og optimist før jaktstarten. ... og i Blixhalli var det stor stemning.

Foto: Scanpix

 

Les meir…
 
Før OL-sprinten
fredag 12. februar 2010

Alle er spente før fyrste OL-øvelse, også media....   

Bt-reportasje om Ann Kristin

Nrk Sogn og Fjordane

Foto: Jan M. Lillebø, BT 

Les meir…
 
OL-sprinten på storskjerm i Blixhalli
tysdag 09. februar 2010

Laurdag 13. februar deltek den fyrste utøvaren frå Sogn nokon sinne i eit vinter-OL. Ann Kristin står på startsteken i skiskyting sprint i Vancouver. I Blixhalli samlast me for å ta del i denne store hendinga for Vik og heile Sogn.  Her vert det sal av mat og drikke frå kl. 21.00. Ta kveldsen i Blixhalli denne kvelden!

Skriv ut plakat og heng opp !

 

Les meir…
 
Ann Kristin bekreftar OL-form i Anterselva
fredag 22. januar 2010
1264352433_anterselva 2010.jpg4. plass på sprinten fredag og 3.plass på jaktstarten i Anterselva i dag viser at Ann Kristin nok ein gong er beste norske utøvar og er ein seriøs medaljekandidat i Vancouver om 3 veker. På biletet gratulerer Ann Kristin dei andre på pallen, Neuner og Henkel. Foto: IBU
Les meir…
 
<< Start < Forrige 1 2 Neste > Siste >>

Resultat 1 - 15 av 21
Om Team Flatland
Team Flatland er fanklubben til Ann Kristin Aafedt Flatland .
Sponsorar
  


royrvik.png  

 

 

fresvik_produkter_logo.gif

 

 

vikorsta_logo.jpg  

 

   

viksparebank.png

 

     

vikitp.png

    

 

  GOH Transport

 

Sogn Alu Design

 

rindeas.png

 

  Folietec

vikelektro.png

 

 

Webdesign by Webmedie.dk Ny hjemmeside